Forteljing
«Elias har alltid vore litt redd for å køyre gjennom Skumlesund, fordi Tråle har skremt han med skumle forteljingar om båtar som har køyrt på skjær der. Men vi som er menneske, treng ikkje vere redde for skjæra. Vi kan heller øve på å hoppe frå det eine skjæret til det andre utan at det gjer noko om vi treff dei. Det som er mellom skjæra, er liksom vatn, men det gjer ikkje noko om vi landar i vatnet heller, for vi er jo vant til å bli våte. Vert de med å hoppe frå skjær til skjær, eller?»
Beskrivelse
Vi plasserer nokre matter på golvet med kort fråstand i byrjinga, slik at borna klarar spranget. Mattene skal symbolisere skjæra i Skumlesund. Legg dei etter kvarandre i ei lang rekke eller lag ein sirkel. Borna skal nå hoppe frå skjær til skjær. Varier mellomrommet mellom skjæra.
Hensikt
Denne leiken øver den motoriske ferdigheita å hoppe.
Variasjon
Skjæra kan og ha høgdeskilnad. Bruk stolar, benker eller liknande å hoppe ned frå.
Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.