Her er forslag til ulike tilvenjingsøvingar på skøyter for nybyrjarar..
Gange framover: Fråspark med heile skøyta og ikkje med piggane, kroppen rett over skøytene og bøy i knea. Hjelpeøving: To og to saman, den ene dytter den andre, som styrer vegen.
Gange bakover: Det same som framover, men skøyta vinkla motsett. Hjelpeøving: to og to saman, den eine går framover, støtter og hjelper den som skal lære å gå bakover.
Kringlar framover og bakover: Hælane saman og tærne peikar utover, skyv frå og bøy knea samstundes som knea glir frå kvarandre, strekk knea samstundes som ein fører beina saman att. Bakover: Som framover, men byrjar med samla tær.
Slalåm framover og bakover: Få litt fart slik at ein glir på skøytene. Hald beina samla heile tida, bøy og strekk knea. Bruk gjerne kjeglar, vottar e.l som rundingsmerke.
Huksitjande: Beina saman, baken ned, tyngden godt framover. Når ein får litt fart slik at ein glir på skøytene, set ein seg godt ned på huk og har balansen, så kan ein strekkje det eine beinet framover. Hugs tyngden godt framover!
Plogstopp: Før skøytespissane mot kvarandre som ein plog, med å bøye knea samstundes.
Skrensestopp: Tverrvend skøytene, parallelle føter, bøy i knea. Tips! Bruk kjegler eller noko liknande som merker for stoppestadene.
Leggje over framover: Skyv i frå med heile skøyta på begge bein. Kryss det ytre beinet godt over, og set det andre beinet ved sida av, deretter ytre bein kryss over att framfor osv.
Leggje over bakover: Kryss ytre bein framfor og det innerste vert sett ned ved sida av, osv. Hugs: Kroppen godt over skøytene. Hjelpeøving: Stå ved sida av kvarandre på ei linje og hald i kvarandre. Flytt det eine beinet i kryss framfor det andre – begge vegar.
Hensikt
Grunnleggjande rørsler på skøyter