Lag ei mållinje og ei utelinje om lag 20 – 30 m frå kvarandre. Rett utanfor mållinja må det lagast ein ring som skal vera ”rotta”. Eitt lag er ute og eitt inne. Ein frå utelaget er oppgjevar og står 2–3 m frå rotta, med ryggen til. Resten av utelaget spreier seg godt utover i uteområdet for å kunna fanga ballen.
Innelaget stiller opp bak oppgjevaren for å unngå å bli truffen av dei som slår. Dei går fram og slår etter tur. Alle har tre forsøk på å treffe ballen og på det tredje slaget kan dei nytte eit balltre som er flatare og breiare («frelskekaka»).
Oppgjevaren kastar ballen litt opp i lufta til den som skal slå. Når nokon på laget treff ballen, kan den som traff og dei andre som står på rotta, springa til utestreken og inn igjen. Dei kan òg stoppa ved utestreken og venta til neste slår, eller dei kan velja å stå på rotta til nokon slår lengre. Utelaget prøver å fanga ballen i lufta (ta hys). Då vert dei inne. Elles må dei få tak i ballen så fort som mogeleg og prøva å treffa ein av dei på innelaget som spring. Dersom dei treff, er laget inne. Men dei må alle springa fort inn forbi mållinja, før det andre laget tek ballen og ”skyt” igjen. Det kan vera lurt av utelaget å kasta ballen til andre på laget, som står betre til for å ”skyta”. Når utelaget har kasta ballen inn til oppgjevar, må innelaget venta med å springe til nokon slår og treff ballen. Dersom det berre er ein igjen til å slå på innelaget, må ein annan på laget klara å komma seg inn utan å bli truffen, elles er dei ute.
Spelet går ut på å vera mest mogeleg inne, og kan fortsetja i det uendelege. Men leiken er kjekkast når laga er jamne og ein skiftar på å vera ute og inne. Det er om å gjera å slå hardt og langt, slik at dei andre på laget rekk å springje både ut og inn.
Hensikt
Kjent og kjær balleik. Kan også trene uthaldenheita om det blir slått gode ballar.
Progresjon
Varier fleire typar ballar; storleik, mjukna osv. Vil påverke treffsikkerhet og kor langt ballen kan slåast.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet