Stigespel

Set opp ein bane med kjeglar. Fråstand mellom kjeglene vert bestemt etter alder og kor kjent gruppa er med aktiviteten. 10-20 meter er eit godt utgangspunkt. Prøv å utnytt det området som finst med å bruke bakkar, steinar, felte tre, dompestativ, sandkassekantar (utandørs) eller stolar, trapper, bord osv. (innandørs).

Aktiviteten vert utført med fellesstart, og kvar utøvar har kvar sin terning som ein skal ha med seg gjennom løypa. For å få gå frametter må ein slå terningen. Borna flytter seg forbi like mange kjeglar som det antall auger terningen viser, og utfører eventuelt den oppgåva som hatten på kjegla symboliserer (fram/attende/kykkeliky el.l.). Deretter slår ein på nytt terningen og spring vidare. Ein skal springe forbi alle hindre/stigar til ein kjem fram til den kjegla som terningen bestemte. Hald fram slik til du er i mål. Førstemann attende i mål har vunne.

Stigespillet

På enkelte av kjeglene plasserer ein kinahattar. Om hattane «peikar» oppover eller nedover avgjer handlinga på aktiviteten på denne kjegla. Hattar som peikar oppover (eller er grønne) betyr t.d. «gå ein hatt fram» og nedover (eller er raude) betyr «gå ein hatt attende». Set ein t.d. to hattar mot kvarandre der den nederste peikar oppetter og den øverste nedetter kan ein gi andre utfordringar, t.d. hopp 10 gonger før du kan gå vidare, stå på eitt bein og sei «kykkeliky» osv. Enkelte stader i løypa kan ein og lage «snarvegar» (stigar) som ein kan «klatre» opp eller «falle» ned ettersom kvar ein landar med terningen. Dette vert gjort med hoppetau.

Kjegle 1Gå 1 attende

Kjegle 2Gå 1 fram

Kjegle 3Stå på eitt bein og sei «kykkeliky»/syng ein song/sei 5-gongen osv.

Taustump

Taustump som stige indikerer at ein skal gå langs denne til den motsette sida, fungerer to vegar

 

Hensikt

Trening i å halde ut, kognitive ferdigheiter, fagkunnskap.

Variasjon

  • Aktiviteten kan gjerast i par.
  • Kan gjerast anten med ein terning eller med to terningar der ein anten adderer tala eller trekkjer frå den lågaste frå den høgaste (avhengig av kor fort det skal gå å gjennomføre løypa).
  • Døme på oppgåver på hattane kan vere å sei 3-gongen høgt, synge ein song, svare på oppgåver som ligg på hatten, teikne/fargeleggje osv.

Progresjon

Oppgåvene gjennom løypa vert tilpassa målgruppe (alder og kunnskapsnivå) og mål med økta.

Tilpasningsmuligheter

Lag ei løype der alle kan delta med ulike føresetnader, eventuelt la nokre ta «stigar» dersom dei ikkje kan gjennomføre enkelte hinder..

Levert av Høgskolen i Hedmark, En region i bevegelse