Tårnet

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Illustrasjon: Thomas Madsen/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Beskrivelse

Plasser bøttene og dei to kassene på eit flatt område i barnehagen. Gi borna i oppgåve å byggje eit tårn saman, høgare enn den høgste vaksne i barnehagen. La borna sjølve finne ut kven som er høgast av dei vaksne og sjå om du/de klarar å rettleie dei ved hjelp av få ord. Det er best om de ikkje bryt inn i oppgåveløysinga i det heile teke.

Hensikt

Denne leiken utfordrar borna sine samarbeidsevner, i tillegg til at dei øver seg i matematiske omgrep gjennom fysisk aktiv læring.

Levert av Arnesen, Guldbrandsen, Gundersen og Hovden, forfattarar av boken "Bevegelsesglede i barnehagen" (2010), utgitt av Kommuneforlaget, i samarbeid med Idrettsbarnehage AS.