Terningstafett

 

Del gruppa inn i to eller fleire lag med inntil fire personar per lag. Førstemann på kvart lag kastar terningen og spring til kjegla som samsvarar med det antall auge som terningen viser, spring attende og vekslar med nestemann som kastar terningen osv. Ein tek med terningen som vekslepinne slik at ikkje nestemann kan kaste før den som spring er attende. Bestem på førehand kor mange gonger laget til saman skal springe. Første lag som gjennomfører antalet vinn.

Eignar seg også godt på ski, skøyter og i symjehallen.

Terningenstafetten

 

Tips! Set ein strek i bakken for kvar gong personen/laget har sprunge.

Hensikt

Leikprega trening i å halde ut. Utvikle kognitive ferdigheiter og fagkompetanse i basisfag.

Variasjon

  • Avstand mellom kjeglene og innslag av ulike rørsleformer med eller utan ball gir øvinga motoriske variasjonsmoglegheiter.
  • Ein annan variant er at kvart lag har seks personar, og talet på personar som spring skal samsvare med talet på auger på terningen.
  • Ein kan få i oppgåve å springe t.d. to meir enn det terningen viser, banen må i så fall utvidast for å dekke moglege svar.
  • Addisjon eller subtraksjon av to terningar gjer det mogleg med nye reglar. Ved subtraksjon kan det brukast to terningar med ulike talsymbol, og differansen er det største talet minus det minste talet. Heile reknestykket skal artikulerast, t.d. «seks minus to er lik fire». Ved subtraksjon kan ein og ta utgangspunkt i eit gitt tal større enn det største på terningen. Springing og artikulering uttrykkjer då differansen mellom talet og antall auger som terningen viser, t.d. «ti minus fire er seks».
  • Multiplikasjonsomgrepet kan utfordrast ved dobling av antall auge minus 1 osv. Antall kjegler må då tilpassast for å dekkje moglege utfall.
  • Første lag til å nå/treffe ein bestemt totalsum (t.d. 50).

Progresjon

Terningar med færre eller fleire tal- og reknesymbol og variasjon i antall kjegler gjer det mogleg å tilpasse øvinga.sen.

Tilpasningsmuligheter

La alle laga ha sin eigen korridor, og ein terning pr. lag. Då blir det enklare for utøvar å utføre øvinga.

img_1036

 

Rørslehemma: Kan vere lurt at utøvar er i kanten av området der øvinga vert gjennomført, slik at det er minst mogleg fare for å kollidere med dei andre utøvarane

Levert av Høgskolen i Innlandet