Oppstilling i ein stor ring der to og to står parvis bak kvarandre. To deltakarar byrjar utan å stå i par. Den eine har tikken (sisten) og skal prøva å tikka den andre. Denne kan unngå å bli teken ved å stilla seg framfor eit par. Då må den bakerste i paret springa. Dersom den som har tikken klarar å «tikke» den andre er det han som må springe å stille seg framfor eit par.
Hensikt
Her gjeld det å vera konsentrert! Ein leik som utfordrar reaksjonsene og uthaldenhet.
Variasjon
Denne leiken kan varierast med at para ligg nede ved sida av kvarandre, sit bak kvarandre, ligg på rygg o.l.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet