Parvis oppstilling i stor ring, para held kvarandre i hendene. Guten står med ryggen mot sentrum.
Forklaring:
a) Hæl-tå-hæl-tå med fot i danseretning (mot klokka) og fire sidehopp. Gjenta det same i motsatt retning.
b) Tre raske klapp mot partneren (høgre hand, venstre, begge, på låret).
c) Dansar rundt med armkrok.
Byte av partnar: Dei i inste ringen rykkjer ein fram.
Variasjon
Variant (Pat-a-cake): Dans a) med valsefatting og i staden for å dansa rundt med armkrok, tek guten jenta i venstre hand og svingar henne to gonger rundt med klokka.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet