Troika

Tre og tre dansarar står side om side i ein stor ring. Den midtarste av dei tre held opp hendene, dei andre legg sine oppi (det lette taket). Alle står vendt mot klokka. Stega ein dansar er trippesteg.

Forklaring:

  1. Alle spring åtte steg framover og åtte steg bakover.(1-8) x2
  2. Dansaren i midten og den til venstre for han lagar ein port og spring på staden. Den ytste dansaren (til høgre) markerar takten med tramp, bøyer ned og går gjennom porten og tilbake på plass. Den i midten må følgja med rundt” for ikkje å mista handgrepet. (1-8)
  3. Dansaren i midten og den som står til høgre for han lagar no port og spring på staden medan den andre ”smett” gjennom porten og tilbake på plass (likt som punkt 2). (1-8)
  4. Dei tre som står i lag tek saman i ring og spring 12 steg med klokka (1-12), stansar og tek tre trampesteg (12-14-15), pause på (16). (1-8) x2
  5. Gjenta tur 4 mot klokka. Etter at dei 12 stega er ferdige, opnar ein opp ringen slik at ein er tilbake til opphavleg stilling. Samtidig som ein tek dei tre trampa, skyssar ein fram dansaren i midten til paret framfor. (1-8) x2

 

Progresjon

Det er enklast å læra dansen på rekkje, tre og tre etter kvarandre. Start med å småtrippa framover etter musikken, øv på smettetur og til slutt ringtur. Når borna kan dei tre turane, dansar ein i ring. Vent med ”slenginga” til borna kan dansen godt.

Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet