Ein byrjar å øve på dansen ved at alle står i stor ring og held kvarandre i hendene. Stega ein dansar er sidesteg for gut og rundsnu for jentene.
Forklaring:
- Dansarane går sidelengs i ringen med sola, snur og går andre vegen – til musikk. Etterkvart snur ein oftare og oftare til ein er nede i eitt steg til kvar side.
- Øver grunnstega: to steg til venstre – eitt steg til høgre (som attersteg). (1-6)
- Rundsnu: Gå ein gong rundt på dei to første stega mot venstre (start med v. fot). og eitt steg tilbake sidelengs mot høgre. (1-6)
- Øva grunnsteg og rundsnu: Dansarane går grunnstega og går rundt når leiaren ropar ”rundsnu”. Kan òg øva stega ved å veksla mellom grunnsteg og rundsnu annan kvar gong (kan prøva med raskare musikk når dansarane meistrar stega).
- Dansarane går to og to saman (gut og jente) og stiller seg mot kvarandre. Jentene står i ro medan gutane går sidestega rundt dei – heile tida vendt mot jenta dei dansar med. Gutane står i ro medan jentene går stega sine rundt guten. Begge går stega sine: gutane sidesteg og jentene rundsteg. Det er viktig at para startar samtidig.
- Dansarane tek saman med høgre handa og går stega sine (framleis rolig musikk) : Guten svingar jenta under armen utan å sleppa handa til jenta. Leiaren viser korleis ein unngår å låsa handgrepet. Øver på dette. Guten sender jenta rundt åleine og tek mot med venstre handa. Svingar jenta rundt ved å halda i handa og å sleppa handa. Øver på dette.
- Øva på å starta sving: Paret tek kvarandre i hendene (jenta sine hender oppi guten sine) og dansar mot kvarandre – frå kvarandre for å finna rytmen før guten startar svinginga. Dansarane vel sjølv kor lenge dei vil svinga med kvar hand før dei byter. No har dansarane lært det grunnleggjande i Vestlandssving. Etter dette kan ein byggja på med ulike turar. Måten ein dansar sving på varierer frå landsdel til landsdel og frå person til person. Bruk kreativiteten og finn din personlege stil.
Progresjon
Start med rolig musikk og auk tempo etter kvart. Presiser at det er guten som fører og at jenta skal ”lesa” guten. Legg vekt på rytme, ikkje så mykje på teljing og steg. Guten må markera tydeleg stopp i avslutninga av takten for å unngå ”veivinga”. Byt ofte partnar og la dansarane prøva og feila. Leiaren går rundt og hjelper/dansar med dei som ikkje finn rytmen.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet