I denne dansen står ein parvis i ein stor ring med enkelt handgrep vendt mot klokka. Stega ein dansar er gåsteg og bytomfotsteg.
Forklaring:
- Para går sju steg framover og snur mot kvarandre på det åttande og slepp handgrepet. (1-8)
- Begge går fire steg bakover (frå kvarandre) – klapp på fire. Gå fire steg framover på skrå mot høgre til ny partnar. (1-8)
- Ta den nye partnaren i hendene og dans åtte polkasteg (bytomfotsteg) rundt med klokka. Her kan ein også berre gå rundt. (1-8). Gjenta dansen. Den store ringen går mot klokka.
Progresjon
Det er enklast å læra dansen ved at ein står på ei rekkje, går sju steg fram, vender mot kvarandre og ryggar fire steg frå kvarandre (klapp på fire), går fire steg mot partnaren, tek kvarandre i hendene og går rundt. Når deltakarane kan dette, øver ein med bytomfotsteg og går i ring og dansar med partnarbyte.
Levert av Liv Ingrid Grov/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet