Zorba

I denne dansen stiller ein på linje, halvsirkel eller i ring (mange eller splitta opp i grupper på 6-7 personar). Hendene plasserar ein på naboen si næraste skuldrer. Den fremste leiar og bestem når ein skal gå over til nye steg eller retning (hæltramp).

Forklaring:

  1. Stå med samla bein: tåspissane frå kvarandre og saman, høgre fot hæl slag i golvet med beinføring i boge mot høgre, høgre bein ned ca. ein halvmeter frå venstre, venstre krysstrinn framfor høgre, med djup knebøy, strekking, venstre bein blir ført tilbake på plass, høgre inntil. (1-8) Gjenta stega – følg leiaren.
  2. Gå sidelengs mot sola: Høgre fot til sides, venstre kryssar bak, høgre fot til sides, venstre kryssar framfor, høgre fot til sides, venstre kryssar bak, høgre fot til sides, venstre kryssar framfor osv. Gjenta stega – følg leiaren. Avsluttar sidestega med eitt hæltramp. Ein kan også gå stega andre vegen (med sola). Venstre fot til sides, høgre kryssar bak, venstre fot til sides, høgre bak osv. Leiaren skiftar mellom del 1 og 2 (markert med hæltramp).

 

Variasjon

Enkel Zorba (Turist zorba): Del 1. Stå med samla bein, set høgre fot tilsides, venstre fot kryssteg framfor, Høgre til sides, venstre fot svingar over høgre samtidig som ein gjer eit lite hopp på høgre fot (1-4). Venstre fot til venstre side, høgre kryssar framfor, vendtre tillsides (1-4). Det same som til høgre. Del 2. Den er lik som i dansen ovanfor (sida-bak-sida-framfor)