Det er ofte ikkje så mye utstyr som skal til! Ein ball i sekken tek ofte stor plass, men med litt avispapir og ein pose lagar ein det som kan brukast som ball. Sjølv om den er mindre rund og mindre styrbar enn vanleg ball, høver den utmerka godt til ”alternative” balleikar.
Slik lagar du ballen: 1) Start med å rive ut ei dobbelside fra ei avis. Krøll denne dobbeltsida saman akkurat som du klappar saman ein snøball. 2) Ta ei ny dobbeltside, legg avisballen din inni, og pakk rundt slik at det igjen blir ein fast og fin ball. Slik held du fram å pakke éi og éi dobbeltside rundt ballen til du synest at ballen er stor nok. 3) Legg avisballen i ein bærepose og knyt igjen tett rundt. Nå tåler ballen både vatn og juling! Vel om du vil ha ball med hale (nesten som ein komet) eller kutte av det meste av halen. Forslag til ulike balleikar finn du under søkekategorien «balleker».
Hensikt
Her viser ein at det går an å frigjere seg frå spesifikt utstyr og reglar, og likevel ha det gøy med balleikar. Bidreg til auka kreativitet, opptrening av lattermusklar, flytte grenser for å tåle søle/snø o.l, og ein god porsjon fysisk aktivitet.
Levert av Friluftsrådenes landsforbund