Orddiagram

Før start legg ein orddiagramma gruppevis på golvet. Borna vert delt inn i grupper og stiller seg bak startstreken. Ein person startar å springe fram til orddiagrammet, finn eit ord som samsvarar med oppgåva ein skal løyse, ringar rundt ordet, og spring attende og vekslar med nestemann på laget.

Tema for kva ein skal oppdage på arket kan vere avhengig av fag og mål for timen. Døme kan vere verb, eigennavn, navn på land/byar osv. Ein kan og velgje symboldiagram om barnet ennå ikkje har lært bokstavar. Då kan barnet på starten få eit kort med symbol på, så skal dei springe over til symboldiagrammet og ringe rundt symbolkombinasjonen dei har fått. Nestemann får eit nytt kort med ny symbolkombinasjon osv.

Ord og synonymdiagram

Sjå forslag til ord- og symboldiagram her:

Orddiagram (verb, land, tall, geometri)

Symboldiagram

Hensikt

Utvikle fagkompetanse, kognitive ferdigheiter, samarbeidsevne.

Variasjon

Ein kan jobbe individuelt eller lagvis, og yngre born kan starte som gruppe og samarbeide om oppgåva..

Progresjon

Sjå val av tema/oppgåve i samanheng med målgruppe (alder og kunnskapsnivå).